Velkomen til Sotra vidaregåande skule!
Hopp over meny

Mbala-prosjektet









NYTT!
Les <blogg> skriven av Annbjørg Kolltveit direkte frå Zambia - oktober 2008.
______________________________________________________________________________________________

Skulen har ein dag i året ein aksjonsdag der alle elevane deltek og samlar inn pengar, anten gjennom bøssebæring eller betalt arbeid i ulike bedrifter. Dei innsamla pengane sender vi til ein skule i Zambia, Mbala High School, der pengane blir nytta til stipend for fattige elevar og til rehabilitering av skulen.
<Les meir om Humanitæraksjonen - "Gi ein dag">

Nytt samarbeidsprosjekt
I august 2004 presenterte Sotra vgs -saman med Eid vgs - ideen om eit samarbeid med Mbala High School om integrert entreprenørskap (elevbedrifter) i skulen. Både Sotra og Eid vgs har brukt denne undervisningsmetoden med godt utbyte i fleire år. I januar 2006 vart pilotprosjektet "School Integrated Entrepreneurship" (SIE) sett i gong ved Mbala High School. 9 lærarar vart kursa i entrepreneurskapsmetoden, og 30 elevar  får opplæring i entreprenørskap skuleåret 2006 og 30 nye elevar skal lærast opp i 2007.


Møte med elevar mai 2007

<Les meir om SIE>